DEBATT
– Skal Manglerud skole og andre få lov å byte ut norsk med engelsk, må opplæringslova endrast. Ho slår klårt fast at norsk (bokmål eller nynorsk) eller samisk skal vere hovudspråk i den offentlege skulen. Slik skal det sjølvsagt vere også i framtida, meiner mållagsleiaren.
Foto: Kristianne Marøy
– Det er det ingen grunn til å gjere som byråden ber om
– Høgre-byrådet i Oslo ivrar etter å presse ut norsk til fordel for engelsk.
Engelskspråkleg grunnskuletilbod? Just say no. Regjeringa vurderer å tillate engelsk som hovudspråk i den offentlege skulen. Dei må seie nei.
Manglerud skole har tilbydd engelskspråklege klassar i ti år. Oslo kommune vil gjere prøveprosjektet permanent.
No ber utdanningsbyråd Julie Remen Midtgarden (H) regjeringa om å endre opplæringslova. Det er det ingen grunn til å gjere. Norsk skal vere hovudspråket i den norske offentlege grunnskulen.
Ein barriere blir broten om ein gjev permanent løyve til grunnskuleopplæring på engelsk. Det er problematisk nok med dei internasjonale private skulane.
Høgre-byrådet ivrar
Det er ikkje noko problem at norske elevar blir for lite eksponerte for engelsk, men det er derimot uakseptabelt at lese- og skrivekompetansen til norske elevar er for svak. Dessutan veit vi at vi lærer best når opplæringa skjer på eige morsmål.
Høgre vil difor skape nye problem i forsøket på å løyse eit problem som ikkje finst. Det legg eg til grunn at kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) forstår, sjølv om Høgre-byrådet i Oslo ivrar etter å presse ut norsk til fordel for engelsk – på endå eit område i samfunnet.
Skal vere hovudspråk
Ei kjerneoppgåve for skulen er å inkludere alle i den norskspråklege fellesskapen. I verste fall kan dette handle om framtida for norsk språk i Noreg, både bokmål og nynorsk. Engelsksykja spreier seg på fleire og fleire område i det norske samfunnet og er tidvis heilt dominerande som arbeidsspråk, til dømes i akademia.
Norsk er fleirtalsspråket og forvaltningspråket i Noreg, som alle må meistre for heilt og fullt å kunne delta i demokratiet. Det har gjennom lov om språk (språklova) formell status som nasjonalt hovudspråk i Noreg.
Skal Manglerud skole og andre få lov å byte ut norsk med engelsk, må opplæringslova endrast. Ho slår klårt fast at norsk (bokmål eller nynorsk) eller samisk skal vere hovudspråk i den offentlege skulen. Slik skal det sjølvsagt vere også i framtida.