DEBATT
Den jødiske minoriteten i Oslo er no særs utsett og fleire jødar kjenner på frykt for å uttrykkje sin identitet og ferdast i våre gater, sier Lilly Kristin Langnes.
Foto: Lars Thomas Dønhaug og privat (innfelt)
– Trygt å vere jøde i Oslos gater
Tagginga vi har sett i Oslo dei siste dagane gjer jødane særs utsette. La vi som samfunn gje dei det vernet dei fortener.
Forrige vekas nye taggingar på Holmlia og fleire andre
stader i byen med ferske nazi-symbol er sterkt forurolegande.
Den jødiske minoriteten i Oslo er no særs utsett og fleire
jødar kjenner på frykt for å uttrykkje sin identitet og ferdast i våre gater.
Slik kan vi ikkje ha det.
Nører opp under hat
Vi lever i eit samfunn der det er rom for både å ytre seg
fritt og demonstrere openlyst for ulike syn på saker, ein verdi vi aktivt skal
hegne om og forsvare. Men når nazisymbol og taggingar i det offentlege rom blir
retta mot ein konkret minoritet, som det å vere jøde, må vi som samfunn ta til
motmæle.
Slike koplingar nører opp under hat og antisemittiske
haldningar og bidrar til å byggje ned vårt trygge og frie samfunn der tillit og
gjensidig respekt er grunnplanken.
Stå opp mot antisemittisme
Den pågåande krigen i Midtausten berører oss alle og
humanitær hjelp må sikrast framkomst og sivile tap stoppast. Vi kan stå opp mot
antisemittisme utan at vi stiller oss bak alt Israel gjer i si krigføring, og
vi støttar deira rett til å få frigitt sine gislar og sikre vern mot Hamas.
Vi er forplikta på å byggje eit samfunn som gjer at alle
skal kjenne seg trygge, minoritetar så vel som andre. Tagginga vi har sett i
Oslo dei siste dagane gjer jødane særs utsette. La vi som samfunn gje dei det
vernet dei fortener.