DEBATT

Refleksjoner frå svett og sliten småbarnsmor i eviglangt bystyremøte, kalla Sigrid Z. Heiberg dette innlegget som ho først la ut på si eiga Facebookside.
Refleksjoner frå svett og sliten småbarnsmor i eviglangt bystyremøte, kalla Sigrid Z. Heiberg dette innlegget som ho først la ut på si eiga Facebookside.

- Kor lenge skal ein late som ting er normalt? Som om ikkje sjølve livet til våre barn står på spel!?

— Ap/SV/MDG-byrådet har vist at me gjer byen bedre. I motsetning til regjeringa kutter byrådet utslepp så det monner. Men framover må me få opp farta. Tida er i ferd med å renne ut.

Publisert

Mens Høyre i Oslo bruker dagen på å forsøke å torpedere viktige sykkelprosjekt i byen vår, og regjeringa fortsetter å bygge naturøydeleggande motorvegar både inn til Oslo og gjennom Lågendeltaet, fortsetter natur- og klimakrisa for fullt.

Ute i gatene er det rekordvarmt, og dagane med over 30 grader og ingen nedbør ser ut til å vare. 

Skogbrannar i nærleiken av Oslo er ute av kontroll, og det er ikkje berre oss høggravide damer som slit i varmen: hverken dyr eller planter er tilpassa dette været.

Mange bønder er med rette bekymra for årets avlingar. Ekstremvarmen er ikkje "den nye normalen", det er eit utrykk for at "normalt" ikke finnast meir. 

Oljeforbruket og dei siste hundre åra med fossiløkonomi har ført naturen ut av balanse, og kloden koker - bokstavelig talt. 

Knapt liv igjen i Oslofjorden

I Mexicogulfen har titusener av fisk skylt opp på strendene dei siste dagane, etter å ha blitt kvalt av altfor varmt vatn. Når havet blir for varmt mistar det evnen til å holde på oksygenet dyra treng for å overleve. Og dette er berre starten. 

I Oslofjorden er det knapt liv igjen. I det tidligere matfatet i Arktis går oppvarminga mykje raskare enn venta. Og kva vil regjeringa gjere der? Gjere alt dei kan for å redde den sårbare naturen? Neidå. Bore etter meir olje! 

Allerede er meir enn 3 milliarder menneske berørt av skadde økosystem. Forurensning drep omlag 9 millionar menneske kvart år. Meir enn 1 million plante- og dyrearter står i fare for å dø ut i løpet av få tiår. 

Lenge før sonen min Bill er like gamal som eg er no, vil hundrevis av millionar av menneske vere tvunge på flukt av klimaendringane. Kvar skal dei bu? Store delar av kloden vil vere uleveleg. Norge vil IKKJE vere uberørt. 

Det blir ikkje berre tørrare og varmare, det blir også meir fleire stormar, brannar, ekstremt regn og flom. I New York og over store delar av USA har det i det siste vore farleg å puste, på grunn av dei hundrevis av skogbrannane i Canada. 

Vi gjør Oslo bedre, men...

Byrådet i Oslo har vist at me gjer byen bedre samtidig som me som einaste storby i Norge - og i motsetning til regjeringa! - kutter utslepp så det monner. Men framover må me få opp farta endå meir. Tida er i ferd med å renne ut. 

Ein av fire nordmenn trur ikkje på menneskeskapte klimaendringar. Det er skremmande, men det er ikkje dei som egentlig er problemet. Det store fleirtalet som forstår kva som skjer, har all moglegheit til å demokratisk vedta tiltaka som trengs. Men då treng me at folk engasjerer seg!

MDG i Oslo går til valg på blant anna billigare og bedre kollektivtransport, framleis satsing på sykkel og gange, ein redningsaksjon for Oslofjorden, og å skape minst 100 nye, grønne byrom i Oslo. Alt dette vil kutte klimautslepp, men det er også klimaTILPASNING. 

Ikkje råd til å bruke plassen til asfalt

Framover har me ikkje råd til å bruke plassen i byen på asfalt og parkeringsplasser, me må sette av mest mogleg plass til natur, me må verne matjord overalt, me må sikre grønne areal og åpne elver og bekker som kan ta unna flomvatnet som kjem, til trær som kan kaste skygge på varme dagar og sikre trivsel for både mennesker og dyr. 

Dei siste målingane viser dødt løp inn mot lokalvalget til hausten. Det kan vere at "Oljepartiet" INP havner på vippen. Korleis Oslo skal utvikle seg framover kjem til å stå om små marginer. 

Det har så enormt mykje å seie om me går i riktig retning framover, eller om Oslo og Norge skal gå i den grå retninga som er i ferd med å øydelegge framtida vår. 

Eg kjem ikkje til å kunne bidra så mykje i denne valgkampen som eg hadde håpa, fordi eg må ta meg av små og bittesmå barn. Men eg skal gjere alt eg klarer, og eg håpar rekordmange andre blir med.

Stem grønt! Doner til miljøkampen! Bli frivillig i valgkampen! Engasjer deg no!

Powered by Labrador CMS