DEBATT

Anne Elisabeth Kaldhol og buss
– Det er bankens oppgåve å hjelpe sin kunde med å finne den nødvendige informasjonen, ikkje få kunden til å måtte be familie eller vener om hjelp for å finne fram på ei nettside, mener Anne Elisabeth Kaldhol.

– Gjer betre, Ruter. Eg meiner de bryt avtalen mellom forbrukar og selskapet

– Eg venta på 20-bussen her om dagen og på tavla stod det plutseleg «Ruteendringer fra 15. desember. Sjekk i reiseplanleggeren om din reise er påvirket».

Publisert

Eg gjekk inn på på ruter.no og leita etter ei oppsummering av kva endringar som skal skje, men fann ingen informasjon som gjorde meg klokare. Eg har ikkje tid til å søke masse i reiseplanleggjaren for å finne ut om og eventuelt korleis mine framtidige reiser er påverka.

Liknande ting som dette har skjedd innan mange ulike felt dei seinare åra.

Dei bryt avtalen

Eit selskap, ein bank eller strømleverandør, alle fortel deg at det blir endringar i tenesta og at du sjølv enkelt kan løyse det på nettsida eller i appen deira. Fokuset er på at du kan gjere det sjølv, ikkje at selskapet gjer det for deg.

Dei gir deg og meg som forbrukar, lånetakar eller reisande ansvar for sjølv å finne ut av ting. Eg meiner dei bryt avtalen mellom forbrukar og selskapet.

Eg betaler billett med glede

Det er banken si oppgåve å hjelpe sin kunde med å finne den nødvendige informasjonen, ikkje få kunden til å måtte be familie eller vener om hjelp for å finne fram på ei nettside.

På same måte er det Ruter sin jobb å informere deg og meg som reisande om korleis deira endringar påverkar våre reiser. Eg reiser mykje kollektivt og betaler billett med glede, men tida mi vil eg bruke på andre ting enn å måtte leite meg fram til korleis Ruters endringar påverkar mi reise.

Powered by Labrador CMS